ADMINISTRASJONSHISTORISK OVERSYN FOR AUKRA KOMMUNE

 

Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.

 

Akerø herad

Då formannskapslovene av 1837 vart sett ut i verk, femnde det dåverande Akerø herad om dei seinare herada Nord-Aukra, Sør-Aukra, Sandøy og Fræna. Desse bygdene høyrde då til i Akerø prestegjeld. Første møtet i formannskapet vart halde på Akerø prestegard den 20. januar 1938, og Nils Andersen Flaae vart vald som første ordføraren i Agerø formannskapsdistrikt.

 

Fræna herad

Alt i 1840 vart Fræna skild frå som eige herad.

 

Sandøy herad

Ein kongeleg resolusjon av 16. august 1866 fastslo at heradet skulle delast. Frå og med 1. januar 1867 vart Sandøy skild ut som eige herad, og folketalet i det utskilde heradet utgjorde då 601 innbyggjarar. Det gjenverande Akerø herad hadde samstundes 2026 innbyggjarar.

 

Nord-Aukra herad

Namnet på heradet vart endra frå Akerø til Aukra ved kongeleg resolusjon av 3. november 1917. Aukra herad vart igjen delt frå og med 1. januar 1924, denne gongen i dei to lutane Nord-Aukra og Sør-Aukra. Delinga var grunna i ein kongeleg resolusjon av 5. oktober 1923. Ved delinga utgjorde folketalet i Nord-Aukra 1395 innbyggjarar, medan det var 1677 innbyggjarar i Sør-Aukra.

 

Sør-Aukra herad

Sør-Aukra vart frå og med 1. januar 1965 slege saman med Dryna og eit område på Miøya frå Vatne herad til den nye Midsund kommune med 2246 innbyggjarar.

 

Nord-Aukra herad / Aukra kommune

Nord-Aukra har vorte verande eigen kommune sidan delinga i 1924, men ein liten krins vart utskild frå kommunen den 1. januar 1964, då Mordal krins med sine 77 innbyggjarar gjekk over frå Nord-Aukra kommune til Molde kommune. Kommunen skifta også i 19?? namn frå Nord-Aukra til Aukra kommune.

Aukra kommune består hovudsakleg av øya Gossen, men har også nokre mindre øyer samt ein fastlandsdel på austsida av Julsundet.

 

 

Kjelder:      Helland, A.: Romsdals amt, bd. II. Kristiania 1911

                    Olafsen-Holm, J.: Romsdals amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939

                    SSB: Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999