ADMINISTRASJONSHISTORISK OVERSYN FOR AVERØY KOMMUNE

 

Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.

 

Gamle Kvernes herad

På 1830-talet bestod Kvernes prestegjeld av kyrkjesokna Kvernes, Bremsnes og Kornstad. Tinglaget heitte Meek, og til det høyrde heile prestegjeldet, øya Grip samt gardane Godal, Sandblåst og Skotten i Bud prestegjeld. Då formannskapslovene skulle setjast i verk i 1837, vart Kvernes prestegjeld og dei tre gardane frå Bud prestegjeld også eit formannskapsdistrikt med namnet Kvernes. I 1837 hadde Kvernes sokn 833 innbyggjarar, Bremsnes 1243 og Kornstad 1735. I det nye formannskapsdistriktet fekk Kvernes sokn og Bremsnes sokn to formenn kvar, medan Kornstad fekk tre menn i formannskapet. I tillegg skulle det vere tre gonger så mange representantar; altså 21. Til saman vart dette 28 menn, og det første valet vart halde på hausttinget i Stensvigen den 12. oktober 1837. Prost Holtermann var vald som den første ordføraren.

Heradet var udelt fram til heradstyret i eit møte den 15. august 1889 avgjorde at dei ville søkje om å få heradet delt. Og ved kongeleg resolusjon av 23. mai 1896 vart heradet delt. Dei tre gardane Godal, Sandblåst og Skotten gjekk over til Eide herad, medan dei tre kyrkjesokna Kvernes, Kornstad og Bremsnes no skulle utgjere kvar sine herad.

 

Eide herad

Gardane Godal, Sandblåst og Skotten gjekk etter kongeleg resolusjon av 23. mai 1896 over til Eide herad frå 1. januar 1897.

 

Kvernes herad

Etter kongeleg resolusjon av 9. september 1893 vart Storlandet skild ut frå Kvernes sokn og gjekk over til Øre prestegjeld. Dette utgjorde om lag 1/3 av heradet. Frå 1. januar 1897 utgjorde Kvernes kyrkjesokn eit eige herad, framleis med namnet Kvernes herad og ein storleik på 33,5 km2. Jakob Mork vart den første ordføraren i det nye heradet.

Frå 1. januar 1964 gjekk Kvernes herad inn att i den nye storkommunen Averøy.

 

Kornstad herad

Kornstad kyrkjesokn utgjorde etter kongeleg resolusjon av 23. mai 1896 eit eige herad frå 1. januar 1897. Jakob Løvø vart den første ordføraren i det nye heradet frå 1897. Kornstad herad utgjorde den vestlige delen av Averøy og var til saman på 66,24 km2. Folketalet utgjorde i 1900 1702 innbyggjarar.

Frå 1. januar 1964 gjekk Kornstad herad inn i den nye storkommunen Averøy, utanom Vevang krins, som vart overført til Eide.

 

Bremsnes herad

Bremsnes kyrkjesokn utgjorde etter kongeleg resolusjon av 23. mai 1896 eit eige herad frå 1. januar 1897. R. Schmedling var vald som den første ordføraren. Bremsnes låg på begge sider av Bremsnesfjorden, og hadde ein samla storleik på 119,7 km2.

Frå 1. januar 1964 gjekk Bremsnes herad inn i den nye storkommunen Averøy, utanom krinsane Dale, som vart overført til Kristiansund, og krinsane Bolga og Valen som gjekk til Frei.

 

Averøy kommune frå 1964

Frå 1. januar 1964 vart herada Kvernes, Kornstad og Bremsnes slått saman til ein kommune med namnet Averøy kommune. Dale krins av Bremsnes gjekk samstundes over til Kristiansund, samt at krinsane Bolga og Valen vart overført til Frei. Vevang krins gjekk over frå Kornstad herad til Eide. Den nye storkommunen fekk no 5202 innbyggjarar.

 

 

Kjelder:      Helland, A.: Romsdals amt, bd. II. Kristiania 1911

                    Olafsen-Holm, J.: Romsdals amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939

                    SSB: Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999