Formannskapslovene
av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I
utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit
formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse
formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den
vanlegaste.
Øya Vigra
låg opphavleg under Haram herad. Vigra var eit eige kyrkjesokn, medan Haram var
prestegjeldet. Ein kongeleg resolusjon av 16. februar 1889 fastslo at Haram
herad skulle delast, og 1. januar 1890 vart Vigra skild frå Haram herad og fekk
det nye namnet Roald herad. Heradet hadde på denne tida 794 innbyggjarar og
hadde ein storleik på 20,1 km2. Første ordføraren som vart vald var
Johannes O. Rørvik. Heradet bar namnet Roald fram til 1. januar 1919, då det
skifta namn til Vigra herad.
Giske
herad låg opphavleg under Borgund herad, men etter vedtak i Borgund heradstyre
den 28. november 1905 vart Giske fråskild Borgund som eige herad. Dette
vedtaket vart stadfesta ved kongeleg resolusjon av 16. juli 1907, og sett i
verk frå 1. januar 1908. O. E. Petersen var vald som den første ordføraren.
Heradet hadde på denne tida 1708 innbyggjarar. Heradet består av øyane Giske,
Godøy og Valderøya, samt nokre småøyar.
Frå og med
1. januar 1964 vart gamle Giske herad slått saman med Vigra herad til den nye
Giske kommune. Gamle Giske herad hadde på dette tidspunktet eit folketal på 3075
innbyggjarar, medan Vigra hadde 1569 innbyggjarar.
Kjelder: Helland, A.: Romsdals amt, bd. II.
Kristiania 1911
Olafsen-Holm, J.: Romsdals
amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939
SSB: Historisk oversikt over
kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999