ADMINISTRASJONSHISTORISK OVERSYN FOR RAUMA KOMMUNE

 

Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.

 

Den noverande Rauma kommune har tidlegare vore delt i fem herad; Grytten herad, Voll herad, Eid herad, Hen herad og Veøy herad. Nedanfor følgjer eit stutt administrasjonshistorisk oversyn.

 

Grytten herad:

Då formannskapslova vart sett ut i livet, femnde Grytten herad om dei seinare herada Grytten, Hen, Eid og Voll. Alle desse bygdene høyrde på denne tida til same prestegjeld, og etter same grensa vart formannskapsdistriktet avgrensa. I 1840 vart Voll tinglag utskild som eige formannskapsdistrikt, og i 1902 vart også Hen sokn eige herad. Grytten herad utgjorde etter dette 790 km2.

 

Voll herad:

Berre to år etter formannskapslova vart sett i verk, vart Eid sokn og Voll sokn skild ut frå Grytten for å danne eit eige herad frå 1. januar 1840. Dette nye heradet vart kalla for Voll og Eid formannskapsdistrikt. Skule- og fattigstellet var likevel samst for heile Grytten prestegjeld fram til 1860-talet. I 1874 vart heradet delt i to etter kongeleg resolusjon av 11. januar 1873, då Voll og Eid no skulle utgjere kvart sitt eige herad. Voll herad utgjorde etter dette 260 km2.

 

Eid herad:

Eid sokn utgjorde saman med Voll sokn eit formannskapsdistrikt frå det vart utskild frå Grytten formannskapsdistrikt i 1840. Spørsmålet om deling av Voll og Eid herad kom opp i 1865, og vart samrøystes vedteke på eit møte 11. desember same året. Det tok likevel fleire år før saka vart avgjort, og først frå 1. januar 1874 vart kvar av dei to sokna eigne herad med namna Voll herad og Eid herad med grunnlag i ein kongeleg resolusjon av 11. januar 1973. Eid herad fekk då ei flatevidd på 36 km2.

Ved kongeleg resolusjon av 10. september 1862 vart gardane Torvik, Monsås og Hagen utskild frå Grytten herad og overført til Voll og Eid herad, og desse følgde med til det nye Eid herad frå 1874.

 

Hen herad:

Hen sokn under Grytten prestegjeld høyrde også med til Grytten herad frå skipinga i 1837. Men ved kongeleg resolusjon av 29. oktober 1900  vart det vedteke at Hen sokn skulle utgjere eit eige herad. Og frå og med 1. januar 1902 vart soknet utskild og utgjorde etter dette eit eige formannskapsdistrikt som fekk namnet Hen herad. Det nye heradet fekk då ei flatevidd på 245 km2.

 

Veøy herad:

Veøy prestegjeld femnde i 1837 om det området som frå 1847 vart delt i to; Veøy prestegjeld og Vestnes prestegjeld. Men alt frå ein fekk formannskap i 1837, vart prestegjeldet skipa som to sjølvstendige formannskapsdistrikt med kvart sitt heradstyre. Dei to gamle kyrkjesokna Veøy og Rødven utgjorde med dette Veøy herad med ei flatevidd på 247 km2.

 

Rauma kommune frå 1964:

Under den landsomfattande prosessen med kommunesamanslåingar kring midten av 1960-talet, vart også Grytten, Voll, Eid, Hen og Veøy herad involverte. Dei fem herada vart slått saman til ein ny storkommune med namnet Rauma kommune frå den 1. januar 1964, og fekk då eit folketal på totalt 8290 innbyggjarar. Einaste unnataket var bygdelaga Sekken, Veøya og Nesjestranda frå Veøy herad, som vart utskilde frå Veøy herad og overført til Molde kommune.

 

 

Kjelder:   Helland, A.: Romsdals amt, bd. II. Kristiania 1911

                 Olafsen-Holm, J.: Romsdals amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939

                 SSB: Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999