Formannskapslovene
av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I
utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit
formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse
formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den
vanlegaste.
Den
noverande Surnadal kommune har tidlegare vore delt i tre herad; Surnadal herad,
Stangvik herad og Åsskard herad. Nedanfor følgjer eit stutt
administrasjonshistorisk oversyn.
”Stangvig
sogns Formandskabsdistrikt” omfatta i 1837 forutan Stangvik, også det seinare
Åsskard herad.
Stangvik
var i 1837 577 km2 stort og hadde eit folketal på 1877 innbyggjarar.
Ein del gardar
ved Surnadalsfjorden og ved Meisingsetvågen høyrde også med til Stangvik. Desse
gjekk over til høvesvis Tingvoll herad og Surnadal herad i 1874 og i 1879.
Garden
Møklegjerdet vart overført frå Stangvik
til Surnadal i 1886, og garden Sjøflot likeeins i 1897. I 1879 fekk også
Stangvik seg tillagd nokre gardar frå Halsa herad.
Åsskard
herad vart skilt ut frå Stangvik herad i 1895.
Åsskard
herad vart skilt ut frå Stangvik etter kongeleg resolusjon av 27. oktober 1894,
og første valet på eige heradstyre vart halde den 5. april 1895.
Ved
delinga fekk det nye Åsskard herad ei folkemengd på 629 innbyggjarar og det nye
Stangvik herad ei folkemengd på 2354 innbyggjarar.
I 1915
vart gardane Staknes, Dragset, Heggem, Heggemsnes og Kallset overført frå Halsa
herad til Åsskard. Heradet fekk etter dette ei flatevidd på 149 km2.
Surnadal
prestegjeld omfatta i 1837 Rindal sokn, Mo sokn, Ranes sokn og Øye sokn. Desse
sokna utgjorde også eit tinglag, og i følgje med formannskapslova av 1837
utgjorde desse også eit formannskapsdistrikt.
I 1854
vart det valt ein komité til å førebu ei deling av heradet, og den kom med
framlegg om at Øye, Ranes og Mo sokn skulle utgjere Surnadal herad, medan
Rindal sokn skulle utgjere Rindal herad. Denne innstillinga vart vedteke 5.
juni 1855, og etter kongeleg resolusjon av 26. august 1857 var delinga eit
faktum. Ved delinga fekk det nye Surnadal herad ei folkemengd på 3105
innbyggjarar og det nye Rindal herad ei folkemengd på 2684 innbyggjarar.
I 1879
vart nokre gardar overført frå Surnadal til Stangvik.
Under den
landsomfattande prosessen med kommunesamanslåingar kring midten av 1960-talet,
vart også Surnadal, Stangvik og Åsskard herad involverte. Dei tre herada vart
då slått saman til ein ny storkommune med namnet Surnadal frå den 1. januar
1965.
Ein hadde
i tillegg eit par grensereguleringar. Ålvundfjord krins av Stangvik herad vart
overført til Sunndal kommune og Åsprong-Sandnes frå Stangvik herad vart
overført til Tingvoll kommune.
Kjelder: Helland, A.: Romsdals amt, bd. II.
Kristiania 1911
Olafsen-Holm, J.: Romsdals
amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939
SSB: Historisk oversikt over
kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999