Formannskapslovene
av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I
utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit
formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse
formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den
vanlegaste.
Den
noverande Vanylven kommune består av eit område som tidlegare har vore delt i
tre herad; Vanylven herad, Syvde herad og delar av Rovde herad. Nedanfor
følgjer eit stutt administrasjonshistorisk oversyn.
Frå 1837
vart området som utgjorde Vanylven prestegjeld også Vanylven
formannskapsdistrikt. Det første møtet i heradstyret vart halde på Thue den 7.
februar 1838. John Sundal vart seinare på året vald som den første ordføraren i
Vanylven formannskapsdistrikt.
Frå den
1-. februar 1918 vart Syvde skild frå som eige formannskapsdistrikt under
namnet Syvde herad. Kristian Sandnes var første ordføraren i Syvde. Det nye
Syvde herad hadde no 1260 innbyggjarar, medan den gjenverande delen av Vanylven
herad hadde 1848 innbyggjarar.
Syvde var
eigen kommune frå 1918 og fram til 1963. Frå 1. januar 1964 gjekk Syvde herad
inn att i den nye Vanylven kommune.
Frå 1837
og fram til 1865 høyrde Rovde til under Herøy herad, men gjekk då saman med
Sande ut, og desse to sokna danna eit prestegjeld og herad for seg sjølv. Frå
1905 vart Sande og Rovde delt etter kronprinsregentens resolusjon av 25. mars
1904, og skulle no utgjere kvart sitt herad. Martin Liseth vart den første
ordføraren i det nye Rovde herad frå 1905. Rovde var eigen kommune frå 1905 til
1963. Frå 1. januar 1964 vart Rovde kommune delt mellom kommunane Vanylven og
Sande.
Frå den 1.
januar 1964 vart herada Vanylven med sine 2003 innbyggjarar og Syvde med sine
1458 innbyggjarar slått saman til den nye storkommunen Vanylven. Krinsen
Rovdestranda frå Rovde herad gjekk også inn i nye Vanylven kommune, medan
resten av Rovde gjekk til Sande kommune. Rovdestranda hadde eit folketal på 436
innbyggjarar, og til saman fekk den nye storkommunen Vanylven no 3897
innbyggjarar.
Kjelder: Helland, A.: Romsdals amt, bd. II.
Kristiania 1911
Olafsen-Holm, J.: Romsdals
amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939
SSB: Historisk oversikt over
kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999