ADMINISTRASJONSHISTORISK OVERSYN FOR VESTNES KOMMUNE

 

Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.

 

Vestnes herad

I 1837 låg kyrkjesokna Vestnes og Sylte under det store og vidfemnande Veøy prestegjeld. Sokna låg på sørsida av Romsdalsfjorden og grensar mot Sunnmøre i sør, indre Romsdal i aust og mot Mifjorden i vest. Desse to kyrkjesokna vart i 1847 skild frå Veøy prestegjeld og danna då eit eige prestegjeld, og vidare vart Fiksdal kyrkjesokn skild frå Vestnes som eige sokn i 1866. Sjølv om kyrkjesokna Vestnes og Sylte låg under Veøy prestegjeld, utgjorde dei frå 1837 av eit eige formannskapsdistrikt under namnet Vestnes formannskapsdistrikt. Det første møtet i formannskapet vart halde den 12. februar 1838, og Henrik Jonsen Remmem vart vald som den første ordføraren. I 1899 vart Sylte utskild som eige herad, og etter dette var storleiken til Vestnes herad 158,3 km2. På same tida var folketalet i Vestnes herad på 2348 innbyggjarar.

 

Tresfjord/Sylte herad

Sylte kyrkjesokn vart bestemt utskild frå Vestnes som eige herad ved ein kongeleg resolusjon av 20. november 1897. Og frå 1. januar 1899 vart det tidlegare Vestnes formannskapsdistrikt skild i Vestnes herad og Sylte herad. Det første møtet i det nyvalde heradstyret vart halde den 6. oktober 1898, medan det første møtet etter at Sylte formelt hadde vorte eige herad vart halde den 21. januar 1899. M. P. Sylte vart vald til den første ordføraren. Ved delinga var folketalet i det nye Sylte herad på 1408 innbyggjarar, og heradet femnde om 193,3 km2. Frå den 28. april 1922 vart heradsnamnet endra til Tresfjord herad.

 

Nye Vestnes kommune frå 1964

Frå den 1. januar 1964 vart herada Vestnes og Tresfjord (tidlegare Sylte), slått saman til den nye storkommunen Vestnes. På denne tida hadde tidlegare Vestnes herad eit folketal på 3895 innbyggjarar og tidlegare Tresfjord herad eit folketal på 1319 innbyggjarar, slik at den nye storkommunen Vestnes til saman fekk eit folketal på 5214 innbyggjarar og ein storleik på

 

 

Kjelder:   Helland, A.: Romsdals amt, bd. II. Kristiania 1911

                 Olafsen-Holm, J.: Romsdals amt. Møre og Romsdal fylke. Ålesund 1939

                 SSB: Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen. Oslo 1999