Formannskapslovene av 1837 er opphavet til at det vart oppretta formannskapsdistrikt i Noreg. I utgangspunktet var det dei gamle prestegjelda som skulle utgjere eit formannskapsdistrikt. Ein byrja noko seinare på 1800-talet å kalle desse formannskapsdistrikta for herad, og på 1900-talet vart kommunenemninga den vanlegaste.
Volda prestegjeld var i gamle dagar eit av dei største på Sunnmøre, og omfatta forutan Volda og Ørsta også Hjørundfjord, Vanylven og Syvde.
Vanylven kyrkjesokn vart fråskild som eige prestegjeld i 1610 og Hjørundfjord vart eige prestegjeld i 1751.
Ørsta kyrkjesokn vart eige prestegjeld i 1900. Ørsta sokn hadde etter kongeleg resolusjon av 16. september 1882 allereie frå 1. august 1883 gått over til eige herad. I 1893 vart garden Ytrestøyl overført frå Ørsta herad til Volda herad.
I 1910 vart gardane kring Dalsfjorden frå Rossetvik til Velsvik fråskilde som eige kyrkjesokn med kyrkje på Drablaus, og i 1924 vart Dalsfjord eige herad.
Ørsta har vorte verande eigen kommune sidan 1883, medan Dalsfjord gjekk inn att i Volda frå 1.1.1964.
Då Ørsta gjekk ut av Volda herad den 1.8.1883 utgjorde folketalet i Ørsta 2070 personar, medan det utgjorde 3485 personar i den gjenverande delen av Volda herad.
Då Dalsfjord sokn gjekk ut av Volda kommune den 1.7.1924 utgjorde folketale til Dalsfjord 960 personar, medan den gjenverande delen av Volda hadde eit folketal på 4715 personar.
Då Volda og Dalsfjord gjekk saman att til den nye Volda kommune frå 1.1.1964 vart det totale folketalet 7207 personar i den nye storkommunen.
Det første kommunevalet for Volda vart halde på tingstaden Eikset den 28. september 1837 og var styrt av futen. Volda valde fyrst sine 5 formenn og så Ørsta sine 3. Deretter valde voldingane 15 representantar og ørstingane 9. Første ordførarvalet vart halde i romjula same året, og den første ordføraren vart Sjur Halkjelsvig.
Kjelder: Helland, A.: Romsdals amt, bd.
II. Kristiania 1911
Olafsen-Holm, J.: Romsdals amt. Møre og
Romsdal fylke. Ålesund 1939
SSB: Historisk oversikt over kommune- og
fylkesinndelingen. Oslo 1999