Arkivskapar_ID: 110

Valstyret

 

På landsbygda stod presten for stortingsvala og fogden/lensmannen for kommunevala. I byane var det magistraten og formannskapet som stod for vala, altså eit valstyre. I 1896 (kommuneval) og 1900 (stortingsval) vart det innført valstyre også for landdistrikta. Dette vil seie at valstyra på landsbygdas seriar for kommuneval først byrjar i 1898 og for stortingsval først i 1900. Lensmannen skulle vere formann i valstyret, og valstyra skulle som hovudregel vere samansette av lensmannen og formannskapet/soknet sine formenn.

Dersom kommunen var delt i fleire sokn, skulle kvart sokn ha eige valstyre fram til om lag 1955.

I tida fram til l896 var ein valperiode 4 år. Det skulle likevel haldast val annakvart år, slik at halvparten av formennene og representantane var skifta ut ved kvart val. Kommuneval vart halde kvart tredje år i frå 1897, men frå 1947 vart valperioden igjen utvida til fire år.

Under okkupasjonen vart det ikkje halde val. Kommunane var då lagde direkte under Innanriksdepartementet, og ordførarane vart oppnemnde av fylkesmannen, og formennene av ordføraren.

Folkerøystingar om til dømes målform i skulen og vinmonopolavstemmingar, vart halde som kommunale val med manntalslistene som grunnlag.

Arkivmaterialet:

Hovudseriar for valstyret er møtebøker, manntalslister, valbøker, førehandsstemmer og ev. stemmesetlar.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 40ff.