Arkivskapar_ID: 113

Manntalsnemnda

 

Manntalet blei ført av soknepresten og/eller fogden før 1900. 1900-lova overførte desse oppgåvene til lensmannen saman med ei kommunal manntalsnemnd og valstyret. Manntalsnemnda vart samansett av manntalsførar og to medlemer valde av og blant formannskapet. Manntalsførar skulle leggja fram utkast til manntal, som vart gjennomgått av manntalsnemnda før det vart lagt ut. Etter at manntalet var lagt ut, kunne endringar berre gjerast etter vedtak i valstyret. Manntalsnemnda sine forhandlingar vart førte i eiga møtebok. Valmanntala vart førte separat for kommuneval og stortingsval, då reglane for kven som hadde stemmerett var ulike. Etter lov av 24. juni 1828, skulle manntalsprotokollane vere autoriserte av amtmannen. Det var også slik at ein måtte avlegge eid til konstitusjonen for å bli innført i manntalet. Lova fastsette skjema for manntalsprotokollane. Namnet på den røysteføre skulle vere med, når, kvar og ved kva alder det var avlagd eid til konstitusjonen, kva kriterium personen hadde stemmerett etter og ein merknadsrubrikk. Medan det før 1896 vanlegvis var ei manntalsbok som vart ajourført, gjekk ein no over til å sette opp nye manntal for kvart val. Arkivseriane består for det meste av møtebøker, uavkryssa og avkryssa manntal og eventuelt protokollar over ikkje røysteberettiga.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 40ff