Arkivskapar_ID: 150 |
Formannskapet/kommunestyret
|
Dei kommunale forvaltingsorgana går tilbake til
tida før 1837, som til dømes fattig- og skulekommisjonane. I 1837 vart
formannskapslovene satt i kraft, og det skulle no demokratisk velgast formenn
og representantar for kvart formannskapsdistrikt. Når formannskapet var vald,
skulle formennene seg imellom velje ein ordførar og viseordførar. Dette i
motsetnad til dei gamle kommisjonane, som oftast var samansette av personar
som var medlem i kraft av sitt embete eller si bestilling. I utgangspunktet
skulle eit formannskapsdistrikt tilsvare eit prestegjeld. Formannskapslovene
for landet hadde også bestemmingar om soknekommunalt sjølvstyre i einskilde
saker, og gav dermed grunnlaget for soknekommunar og soknestyre. Under
okkupasjonen 1940-1945 vart det kommunale sjølvstyret sett til side. Formannskapslovene av 1837 definerte formennenes og
representantanes gjeremål. Formannskapet skulle utarbeide innstillingar
ovanfor øvrigheita, handsame saker som vart reist for det, søke øvrigheita om
det som var til gagn, revidere og desidere rekneskapane til dei kommunale
kassene og i det heile ivareta kommunens interesser. I saker av større
økonomiske omfang skulle formannskapet legge fram sakene for representantane.
Etter kvart som det vart oppretta stadig nye
styrer, nemnder, råd og utval, vart medlemane valde av kommunestyret, dvs.
indirekte val. Formannskapslovene påla formannskapet å føre fleire
bøker: møtebok, kopibok over utgåtte brev og journal over innkomne brev –
alle skulle vere autoriserte av amtmann/fylkesmann. Forhandlingsprotokollane
til formannskapet og kommunestyret kan vere ført i same protokoll eller i to
åtskilde protokollar. Sokneformannskapas og soknestyras forhandlingar er
vanlegvis førte i protokollen for formannskapet/kommunestyret.
Sentraladministrasjonens arkiv inneheld elles tilvisingsbøker,
inventarprotokollar, budsjett, korrespondanse osb. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 21ff. |