Arkivskapar_ID: 190

Administrasjonsstyret

 

Under krisetidene i 1920- og 1930-åra, kom ein del kommunar i økonomiske vanskar. Lov av 7. desember 1923 fastsette at kommunar som misligheldt sine gjeldsforpliktelser, av Kongen kunne påleggast å foreta reduksjon i budsjetta og utlikne tilleggskatt. Dersom dette ikkje vart gjennomført, kunne Kongen bestemme at kommunen  kunne setjast under administrasjon av departementet saman med eit tilsynsråd. Ein kommune kunne også sjølv be om å bli sett under administrasjon. I 1928 kom ei meir omfattande lov, og Kongen kunne no setje ein kommune under administrasjon når kommunestyret sjølv eller ein kreditor kravde det.

Administrasjonsstyrets medlemstal vart bestemt av Kongen. Eit medlem vart oppnemnt av bystyret/heradstyret, medan dei øvrige vart oppnemnte av Kongen.

Arkivmaterialet inneheld oftast forhandlingsprotokoll, kopibok, journal, budsjett, rekneskap og ymse oversikter over kommunens økonomiske stilling

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 32ff.