Arkivskapar_ID: 310

Likningsnemnda

 

Formannskapslovene hadde ingen skattebestemmingar, og ein opprettheldt tidlegare praksis ved utlikning og innkrevjing av skatt for å dekke utgifter. Men i 1892 og 1911 vart det vedteke eins skattelover for byar og landdistrikt, der grunnstrukturen var at skatten skulle utliknast av ein kommisjon eller nemnd. Det skulle vere tilgang til å klage samt at det skulle finnast ein tryggleik i form av eit kontrollapparat. Fram til 1965 høyrde likningsvesenet til kommunalforvaltninga, men gjekk sidan over til å bli reint statleg.

Skattefundamentet var ulikt frå skatt til skatt og til ulike tider, samt at det dels var skilnad på land og by. Hovudsakleg har skattefundamentet vore matrikkelskuld på landet og eigedom, næringsverksemd, formue og inntekt i byane. Etter kvart gjekk dette over til skattlegging av formue og inntekt.

Arkivmaterialet etter likningsnemnda/likningskommisjonen består av møtebøker, kopibøker, journalar og ymse skattelister/likningsprotokollar, takstbøker og korrespondanse. Det kan også finnast klager og meldingar omhandlande likninga. Forhandlingsprotokollen skulle vere autorisert av formannskapets ordførar.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 56ff.