Arkivskapar_ID: 315 |
Skatteutvalet
|
Skattelovene av 1882 og 1911 gav heradsstyre og
bystyre tilgang til å ettergi utlikna skatt. I samband med dette har fleire
kommunar oppretta eigne skatteutval for å handsame sakene.
Skattebetalingslova av 1952 gjorde det obligatorisk å ha eit slikt utval.
Dette utvalet skulle bestå av likningssjefen, eit medlem oppnemnd av
formannskapet/kommunestyret og eit medlem oppnemnd av fylkesmannen. Arkivet etter skatteutvalet består hovudsakleg av
møtebøker og søknadar om nedsett skatt. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 38. |