Arkivskapar_ID: 320

Heradskommisjonen

 

Matrikkelen var eitt av skattefundamenta i landkommunane. Dei som sat på eigedom vart skattlagde etter matrikkelskulda, ikkje etter inntekta. Med Lov av 6. juni 1863 vart det bestemt at matrikkelen skulle reviderast. Det var denne matrikuleringslova av 1863 som innførte herad som vanleg nemning på landkommunane.

Etter lova vart det nedsett ein heradskommisjon for å gjennomføre nymatrikuleringa i kvart herad, der amtmannen skulle syte for at alle sokn og alle interesser var representerte i kommisjonen. Det skulle også nedsetjast ein amts- og ein fogderikommisjon.

Heradskommisjonen valde ein førebuande komité til å beskrive alle matrikulerte eigedomar i heradet. Komiteen skulle også kome med framlegg til korleis matrikkelskulda skulle fordelast. Framlegget kunne ankast på herads, fogderi og amtsnivå. Ved kgl. res. 22. juli 1872 vart hovudskulddelingskommisjonen for Noreg oppnemnt, og den gav endeleg innstilling 9. september 1882. Den ”reviderte nye” matrikkelen vart sett i kraft ved kgl. res. 29. mai 1886, og vart trykt i perioden 1887-1892.

Arkivmaterialet etter heradskommisjonen er ei kulturhistorisk viktig kjelde. Grunnlaget for matrikuleringa var ei spesifisert forteikning over alle matrikulerte bruk i kvart einskild herad. Denne finns ofte i kommunearkiva oppført som ”Matrikkel ca. 1860”. I kommunearkiva finn me ofte forhandlingsprotokoll og skulddelingsprotokoll for den førebuande komiteen og for sjølve heradskommisjonen anten i ulike protokollar eller i same protokoll . Her er innført gardsnamn, matrikkelnr, namn på eigar, tidlegare skuld og framlegg til ny skuld. I tillegg kom ein ganske utførleg beskriving av garden og dens ressursar. Desse framlegga omtalas ofte som heradsbeskrivingane. Det vart ført både autoriserte og uautoriserte protokollar, og det varierar kva som er bevart. Det kan også variere frå kva stadium i sakshandsaminga protokollane er bevart.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 75ff.