Arkivskapar_ID: 340

Kommunekassa

 

Formannskapslovene slo fast at kommunane var sjølvstendige i økonomiske saker. Utan heimel i lov, kunne dei ikkje påleggast utgifter med mindre formannskapet samtykka. Kommunane hadde dermed eit utstrakt ansvar for utgifter og inntekter i samband med eiga drift.

Variasjonen i kommunale utgifter og inntekter var frå starten av små, men dette auka på etter kvart. Då aktiviteten  i kommunane auka, vart det både fleire utlegg og meir innkome. Til dømes vart det utlikna hundeskatt, avgifter i samband med skjenking av øl og brennevin, handelsavgift og feiaravgift. Formannskapslovene for landkommunane rekna berre med to kasser; fattig- og skulekassene. Men etter kvart fekk ein også ei eiga heradskasse for kommunanes øvrige utgifter. Dei særskilde rekneskapane for fattig- og skulevesen vart også teke inn under sjølve kommunerekneskapen etter kvart. Ein kan i utgangspunktet seie at rekneskapsføringa for kommunens ulike kasser utvikla seg frå eit system med særskilde rekneskapar og rekneskapsførarar for dei einskilde kassene fram til eit feller rekneskap og ei felles kommunekasse.

Arkivmaterialet etter kommunekassa er mangfaldig. Av dei viktigaste seriane er kontobøker, kassabøker og hovudrekneskap. Men ein finn også mange andre seriar, samt at rekneskapsbilaga kan vere bevart. Døme på seriar kan vere kassajournalar, kontobøker for det ordinære budsjett, reskontrobøker, statusbøker, tilvisingsbøker og refusjonsbøker.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 80ff.