Arkivskapar_ID: 450

Geistleg lønsfond

 

Etter Lov av 14. juli 1897 vart det oppretta geistlege lønsfond. Lønningsfondet skulle styrast av eit lønsutval beståande av to medlemar oppnemnde av biskopen og tre valde av sokne-/kommunestyret.  Lønsutvala var reint kommunale organ. Menighetsråda overtok seinare deira oppgåve, men fekk i tillegg oppgåver i samband med åndeleg arbeid i menigheta. Bakgrunnen for opprettinga av lønsfond og lønsutval var å forenkle prestelønssystemet. Prestane hadde tidlegare ikkje hatt ei einsarta statsløn, men ei rekkje ”embetsinntekter” som gjekk langt attende og sprang ut av den gamle naturaløkonomien. Fonda skulle gje ytingar til dei nye, ordna presteinntektene. Fonda kunne også forvalte legat osb. Dei geistlege lønsfonda kallast ofte grunnbyrdefondet eller løns- og grunnbyrdefondet. Først i 1957 kom prestane over på ordinær statsløn, og dei siste restar av ”embetsinntekter” fall bort. Dermed opphørte lønsfonda.

Arkivmaterialet etter lønsfonda består for det meste av rekneskapsbøker.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 94ff.