Arkivskapar_ID: 465

Biblioteket

 

Dei første utlånsbiblioteka ut over landet kom til i opplysingstida. Landhushaldingsselskapa og Det kongelige selskap for Noregs Vel gjekk i brodden for dette arbeidet på byrjinga av 1800-talet, og prestane var av dei som gjekk føre for å få til leseselskap og allmugeboksamlingar på landsbygda.

Frå 1830- og 40-åra byrja styresmaktene å gje stønad til biblioteka, og då særleg der kommunestyret utgjorde bibliotekas styre. Fram til 1886 var også presten medlem av boksamlingane.

Frå 1890-åra kom det også meir faste ordningar for skuleboksamlingar i orden.

Framvoksteren av skule- og folkeboksamlingar gjekk jamt fram til omkring 1920, då dei dårlige tidene sette ein stoppar for utviklinga. Og då den første biblioteklova vart vedteke i 1935, bar den preg av dette. Folkebiblioteka måtte eigas av ein kommune, utlånet skulle vere gratis og det skulle vere tilsett bibliotekar. Normalt skulle det løyvast tilskot til eit bibliotek for kvar kommune. Først med den nye biblioteklova av 1947 vart det obligatorisk at alle kommunar  på landet skulle ha folkeboksamlingar.

Arkivmaterialet består av møtebøker og ymse rekneskap over utgifter og inntekter. Bokkjøp og bokutlån vart gjerne ført i protokollar. Kopibøker, journalar og korrespondansemateriale kan også finnast frå større bibliotek. Fram til 1880-åra er arkivmaterialet gjerne å finne i prestearkiva, som er oppbevart på statsarkiva.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 100f.