Arkivskapar_ID: 510

Skulestyret

 

Utviklinga av det moderne skulevesenet tok til på 1700-talet, mellom anna ved at det vart oppretta skulekommisjonar for kvart prestegjeld på landet i 1741. Korkje formannskapslovene for byane eller for landkommunane av 1837 fekk noko umiddelbar verknad på skulevesenet. Men skulekommisjonens forretningar vart trokke direkte inn i dei nye kommunanes verksemd ved danninga av det kombinerte formannskap, som ivaretok skulesakene fram til det kom ny skulelov i 1860. Formannskapslovene styrka det kommunale sjølvstyret i skulesaker ved at kommisjonens samansetning vart meir dominert av dei valde representantane.

Ålmugeskulelova for landet av 1860 innebar at dei geistlege embetsmennenes innflytelse på skulevesenet vart svekka til fordel for folkestyret.

Folkeskulelova av 1889 fullendte denne utviklinga. Dei geistlige embetsmennene hadde no utspela si rolle, skulestyrets rolle vart omfattande, og i tillegg fekk ein folkevalde tilsynsutval. Bestemminga om at soknepresten skulle vere ordførar i skulekommisjonen fall vekk, og korkje før eller seinare har det lokale folkestyret hatt ei slik makt og innflytelse i skulevesenet.

Formannskapslovene bestemte at formannskapet skulle tilsette rekneskapsførar og kasserar for skulevesenet. Han skulle leggje fram rekneskap for formannskapet til fastsett tid.

Arkivmaterialet etter skulekommisjonen/skulestyret kan strekke seg heilt attende til 1700-talet. Ein finn oftast forhandlingsprotokollar, kopibøker og journalar. I tillegg vil ein gjerne finne ymse rekneskap og korrespondansemateriale. Lov om abnorme barns undervisning av 1881 fastsette at skulekommisjonen/styret skulle sende melding om barnas tilstand og undervisning til tilsynskommisjonen i stiftet, og ein finn gjerne protokollar over abnorme barn. Bok over lærartilsetjingar vart ført frå 1920-åra. Ein vil gjerne finne ein del av det eldre skulekommisjonsmaterialet i prestearkiva, som er oppbevart på statsarkiva.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987