Arkivskapar_ID: 516 |
Samstyret
for alle skuleboksamlingane
|
Sjå også under bibliotek. Ein del skular oppretta elevboksamlingar på 1800-talet.
Men først i 1892 løyvde Stortinget midlar til skulebiblioteka. For å få
tilskot til skuleboksamlingar, var det ein føresetnad at læraren og to
personar oppnemnde av skulens tilsynsutval styrte boksamlinga og stod for
bokinnkjøpa. Etter biblioteklova av 1935 vart det bestemt at det
skulle vere ei skuleboksamling til bruk for barna på alle skular med minst 12
elevar. Men kommunen kunne få fritak for å ha skuleboksamlingar om den hadde
ein vanskelig økonomi. Først med den nye biblioteklova av 1947 vart det
obligatorisk at alle folkeskular på landet skulle ha skuleboksamlingar.
Tilskotet frå staten var avhengig av at skuleboksamingane fylte visse krav.
Dei skulle vere eigd av kommunen og utlånet skulle vere gratis. Skulestyret
skulle velje eit samstyre for alle skuleboksamlingane i kommunen. Arkivmaterialet består av forhandlingsprotokoll og
ymse protokollar over bokkjøp, utlån, kassering av bøker osb. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 100f. |