Arkivskapar_ID: 520

Einskilde skular

 

Sjå også under skulestyret.

Utviklinga av det moderne skulevesenet tok til på 1700-talet. Men det høyrer likevel til unnataka at det er bevart skuleprotokollar og journalar frå 1700-talet og dei to første tiåra av 1800-talet. Først ved skulelova av 1827 vart det gjeve eit generelt påbod om føring av protokollar over skulepliktige barn ved dei einskilde fastskulane og omgangsskulane. Det er også gjerne bevart inventarlister over skulanes bøker, tabellar, landkort osb., og desse finn ein ikkje sjeldan på dei siste sidene i skuleprotokollen.

Først frå tida kring landsskulelova av 1860 og skuleinstruksane frå 1862 byrjar seriane av skuleprotokollar og dagbøker å bli meir reindyrka og komplette. Før dette kunne innhaldet i dei ulike protokollane gå noko over i einannan, men no byrja seriane å skilje seg meir frå kvarandre. I staden for den gamle skuleprotokollen, byrja ein til dømes å føre eigne karakterprotokollar, eksamensprotokollar, avgangsvitnemålsprotokollar osb. Dette gjorde at føringa av dei ulike typane skuleprotokollar kom inn i eit fast mønster i siste halvdelen av 1800-talet. Skulelovene av 1889 gav likevel ingen spesielle bestemmingar i så måte. Skuleprotokollane frå 1900-talet skiljer seg i utgangspunktet ikkje så mykje frå dei frå 1800-talet, men ein gjekk etter kvart over til å føre protokollane etter trykte skjema.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. f. 122ff.