Arkivskapar_ID: 521

Framhaldsskular

 

Sjå også under skulestyret.

Tankane om å tilby undervisning ut over den obligatoriske i allmugeskulen var framme allereie i skulelova av 1827. Når tilhøva tillét det, skulle skulekommisjonen og stiftsdireksjonen sjå til at undervisninga gjekk ”vider end til de første Elememener”. Dette vart også teke opp att i skulelovene av 1848, 1860 og for så vidt også i skulelovene av 1889. Framhaldsskulen vart likevel ført lovfesta ved landsskulelova av 1889. Heradsstyra kunne no opprette framhaldsskular for elevar mellom 14 og 18 år. I skulelovene av 1936 vart det bestemt at denne lovføresegna skulle halde fram. Og først i 1946 kom den nye lova om framhaldsskular.

Framhaldsskulane skule vere styrte av skulestyret og med skuledirektøren som eit overtilsyn. Skulestyret skulle også velje ei særskild nemnd til å føre tilsynet med framhaldsskulane. Den vart kalla for framhaldsskulenemnda eller tilsynsnemnda for framhaldsskulen. Utgiftene til framhaldsskulen vart lagt ut av statskasa, kommunekassa og for landet også av fylkeskassa.

Arkivmaterialet frå framhaldsskulane er ganske likt det som elles er å finn e frå folkeskulane.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. f. 116.