Arkivskapar_ID: 522

Realskule

 

Sjå også under skulestyret.

Allereie tidleg på 1800-talet vart det oppretta kommunale borgarskular (realskular) i byane. Desse vart etter kvart nedlagde eller omdanna til kommunale middelskular, særleg etter at lov av 17. juni 1869 omhandlande offentlige skular for den høgare allmenndanning bestemte at Kongen kunne gje kommunale middelskular rett til å halde eksamen.

Etter lova av 1869 skulle forstandarskapet for dei høgare allmennskulane bestå av rektor, eit medlem av magistraten (fogden på landet) og tre bufaste menn valde av kommunestyret.

Desse bestemmingane vart gjentekne i den nye lova som kom i 1896. Men denne lova inneheldt også eit avsnitt om kommunale og private høgare middelskular. Bestemmingar vedrørande skuleråd og forstandarskap skulle fattast av kommunestyret med overstyrets (departementets) godkjenning. Skulestyret utgjorde skulens forstandarskap.

Lov om høgare allmennskular av 1935 omfatta både statlige og kommunale skular. For dei kommunale skulane skulle skulestyret vere forstandarskap. I tillegg skulle kvar skule ha eit forstandarskap beståande av skulens faste lærarar med rektor som formann.

På slutten av 1800-talet vart det oppretta ei rekkje kommunale middelskular og enkelte kommunale gymnasium.

Middelskulane, seinare kalla for realskular, vart avvikla etter kvart som obligatorisk 9-årig skule vart innført.

Arkivmaterialet frå framhaldsskulane er ganske likt det som elles er å finne frå skulane.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. f. 117f.