Arkivskapar_ID: 610

Fattigstyret

 

Ved dei landsomfattande fattiglovene av 1845 fekk fattigvesenet ei eins og meir moderne organisasjonsform enn den hadde hatt på 1700-talet, då det var ulike ordningar i dei einskilde stifta, gjerne leia av presten og lensmannen. Det lokale sjølvstyret vann fram, men under tilsyn av embetsmenn – der soknepresten eller kapellanen skulle vere ordførar i kommisjonen, med så mange valde medlemar som formennene og representantane bestemte. Lovene av 1845 avdekka storleiken på fattigproblemet, og lausgjengarar og betlarar vart no gjort til fattiglemmar. Med dette steig utgiftene meir enn styresmaktene var villige til å akseptere. Fattigkommisjonens viktigaste oppgåver var å setje opp budsjett, bestemme kva personar som skulle bli understøtta og i kva form, og sjå til at dei fatta vedtaka vart sette ut i livet. Kommunestyret skulle løyve dei nødvendige midlane til dekning av utgiftene.

Etter fattiglovene av 1863 vart det innskjerpingar for kven som skulle få fattigunderstøtting. Det er også eit karakteristisk trekk ved 1863-lovene at kommunestyret styrka si stilling og overførte oppgåver frå fattigkommisjonen til formannskapet eller kommunestyret sjølv. Fattigkommisjonens ordførar skulle no veljast fritt mellom medlemmane. Dette peika på ei utvikling mor ein meir eins kommunal administrasjon. Fattigkassas utgifter vart dekka ved utlikning av fattigskatt.

Fattiglovene av 1900 skulle fungere som ei overgangslov i påvente av ny trygde- og sosiallovgjeving, men vart ståande til ho vart avløyst av Sosialloven av 1964. Det kan også nemnast at ”fattig-” skulle bytast ut med ”forsorgs-” frå 1948.

Arkivmaterialet kan gå tilbake til 1700-talet. Materialet består av møtebøker, kopibøker og journalar. I tillegg kan ein finne protokollar med legdeinndeling, manntal med ymse personopplysingar samt andre protokollar med opplysingar om rekneskap, stønader og personar. Det er også ofte korrespondansemateriale etter fattigvesenet.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987