Arkivskapar_ID: 612

Husmorvikarnemnda

 

Dei første kommunale husmorvikarstillingar vart oppretta på slutten av 1940-talet. Frå 1948 vart det gjeve statlige tilskot til slike stillingar, noko som førte til at det etter kvart vart oppretta husmorvikarnemnder i kommunar som hadde tilsett husmorvikarar.

I 1949 fastsette departementet ei normalplan for husmorvikarverksemda. Nemnda skulle vere rådgjevande og sakkunnig organ for kommunen i alle spørsmål vedrørande husmorvikaranes verksemd. Der det var ønskelig, kunne ei anna kommunal nemnd med tilsvarande arbeidsområde fungere som husmorvikarnemnd.

Departementet for familie- og forbrukssaker fastsette i 1959 retningsliner for husmorvikarverksemd og heimesjukepleie. Der det allereie var oppretta husmorvikarnemnd, burde denne oppretthaldast og eventuelt utvidast.

Arkivmaterialet består hovudsaklig av møtebøker og eventuelt noko rekneskap. Det kan også finnast lister og protokollar over dei som mottok hjelp frå nemnda.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 180.