Arkivskapar_ID: 625

Fiksarmanntalsnemnda

 

I følgje forskrifter av 7. november 1908 skulle ei kommunal nedsett nemnd føre manntal over fiskarar som var sjukeforsikra. Manntalsførar skulle vere kommunekasseraren eller eventuelt ein annan  person som var tilsett av kommunestyret. Fiskarmanntalsnemnda skulle bestå av manntalsføraren og to medlemmar oppnemnde av kommunestyret. Nemnda bestemte kven som skulle takast opp i manntalet.

Etter forskriftene av 1907 vart det gjeve retningsliner for føringa av fiskarmanntala. Listene skulle gje opplysingar om den forsikra sitt namn, bustad, kjønn, fødselsår, ektefelle, tal på barn under 15 år, kvar vedkommande dreiv fiske eller fangst, arbeidsgjevaren, betalt premie og eventuelle merknadar. Allereie i 1910 vart det nye retningsliner for føringa av manntalslistene. Ein skulle no ha med fleire detaljar kring måten fisket vart drive på og om fartyet vart drive med damp eller ikkje. Også seinare vart det gjort mindre endringar i manntalsføringa. 

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 158 og 163.