Arkivskapar_ID: 640

Sunnhetskommisjon/helseråd

 

I løpet av 1700-talet vart det oppretta sunnhets- og karantenekommisjonar i ein del byar, der hovudvekta vart lagt på smittsame og epidemiske sjukdommar. I 1831 vart det oppretta provisoriske sunnhetskommisjonar i alle kjøpstader, ladestader og prestegjeld. På landet vart sunnhetskommisjonen i regelen samansett av fogden/sorenskrivaren, soknepresten/res. kapellan, ein offiser, distriktslegen, lensmannen og 1-2 soknemenn. På landet kunne sunnhetskommisjonane også dele prestegjeldet i avdelingar. Etter sunnhetsloven av 1860 vart det oppretta permanente sunnhetskommisjonar, som gav helsevesenet ein fastare organisasjon. På landet vart kommisjonane leia av distriktslegen med heile eller delar av kommunestyret som medlemmar. Kommisjonsmøta skulle normalt haldast når kommunestyret kom saman. Frå om lag 1905 gjekk ein over til nemninga helseråd.

Kommisjonens og legenes viktigaste oppgåver var å sette i verk tiltak mot smittsame og epidemiske sjukdommar, føre kontroll og ha tilsyn av teknisk og hygienisk art, ha tilsynet med helsepersonell og ha tilsyn og omsorg for visse vanskelegstilte grupper. Sunnhetskommisjonen hadde også visse tekniske og sanitære tilsyns- og kontrolloppgåver med bygningar og institusjonar heilt frå byrjinga av 1800-talet. Bygningslova av 1924 regulerte desse gjeremåla nærare. Etter denne lova vart det også bestemt at helserådets ordførar skulle vere medlem i bygningsrådet.

Arkivmaterialet er ofte samanvevde med legearkiva, då distriktslegen i periodar var ordførar i helserådet. Ein vil finne forhandlingsprotokollar frå 1830-40-talet og frametter. Det vil også finnast kopibøker og journalar. I tillegg finst ymse korrespondansemateriale og rekneskapsmateriale, som kassabøker, tilvisingsbøker og kontobøker. Der sjukdommar som kolera, lepra osb dukka opp, vil ein finne protokollar som går på dette. Det kan også finnast sinnsjukeprotokollar, vaksinasjonsprotokollar osb.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 168ff.