Arkivskapar_ID: 701

Bygningskommisjonen/bygningsrådet

 

Den allminnelige bygningslova av 1845 vart gjort gjeldande for alle landets kjøpstader og ladestader som hadde særskild bygningslov. Den allminnelige bygningslova av 1896 medførte mellom anna at ordføraren i sunnhetskommisjonen skulle vere med i bygningskommisjonen. Lova kunne også bli gjort gjeldande for husansamlingar på landet, og der skulle brannkommisjonen, om slik fanst, vere bygningskommisjon. Dessutan skulle sunnhetskommisjonens ordførar og ein bygningskunnig mann vere medlem. Om det ikkje var brannkommisjon, skulle medlemmane vere sunnhetskommisjonens ordførar og tre menn utnemnde av amtmannen.

Med bygningslova av 1924 fekk kommunane eit nytt organ, bygningsrådet, til å avløyse bygningskommisjonen. Rådet var samansett av helserådets ordførar, brannsjefen, bygningssjefen og reguleringssjefen (der slik var tilsett) samt eit tilsvarande tal medlemmar valde av bystyret eller heradstyret eller bygningskommunestyret på landet. Bygningsrådet skulle mellom anna delta i behandlinga av vedtekter, dispensasjonar, anker og byplanar. Det skulle gje byggeløyve og sjå til at gjeldande bestemmingar vart overhaldne.

Arkivmaterialet består for det meste av forhandlingsprotokoller, kopibøker, journaler, saksdokument og korrespondansemateriale

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987.