Arkivskapar_ID: 705

Bygningskommunestyret

 

Bygningslova av 1845 kunne også gjelde forstader og andre større samlingar av bygningar på landet. Lov av 17. juni 1869 bestemte at når bygningslova av 1845 omfatta slike områder, kunne disse danne eigen bygningskommune. Dei oppgåvene som den allminnelige bygningslova la på kommunestyret, skulle i bygningskommunen utførast av ei særskild bygningskommunestyre på fem personar, mellom anna valde av og mellom dei aktuelle huseigarane i ei særskild valforretning.

Arkivmaterialet består hovudsakleg av forhandlingsprotokollar, kopibøker, journalar, saksdokument og korrespondansemateriale. Ein vil også kunne finne valprotokollar, skattelister og skatterekneskap.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987.