Arkivskapar_ID: 741

Småbruk- og bustadbanken

 

Stortinget vedtok i 1894 at det skulle stillast midlar til rådvelde slik at kommunane kunne låne dei ut til ubemidla som ønska å skaffe seg bustad og/eller jord. For å stimulere det vidare arbeidet med opprettinga av arbeidarbruk (småbruk) og bygging av bustader, vart Den norske Stats Arbeiderbruk- og Boligbank oppretta ved lov av 1903. I 1915 vart Arbeiderbruk- og Boligbanken avløyst av Den Norske Stats Småbruks- og Boligbank.

Bankens formål var å låne ut pengar mot kommunal garanti til ubemidla personar som ønska å skaffe seg eit arbeidarbruk, og til heradskommunar for innkjøp og bebygging av landeigedommar som dei ønska å stykke ut til arbeidarbruk. Lova bestemte vidare at kommunestyret skulle velje ein arbeidskomité, seinare kalla for bustadnemnda, som skulle vurdere søknadane om lån til bustad. Kravet for å få bustadlån med kommunal garanti var mellom anna at søkjaren ikkje hadde formue over ein viss sum, og at tomta og bygninganes storleik og verdi var avgrensa.

I mellomkrigstida var ei rekkje kommunar ikkje i stand til å gje kommunal garanti. Ei mellombels lov av 25. juni 1935 bestemte difor at Småbruk- og Boligbanken kunne gje lån i slike kommunar med inntil 7/10 av takstsummen utan kommunal garanti.

Den Norske Stats Husbank vart oppretta i 1946, og trass i at deira lånetilbod kom i tillegg til Småbruk- og Boligbanken, fann ei viss samordning likevel stad. I 1947 skifta Den Norske Stats Småbruk- og Boligbank namn til Noregs Småbruk- og Bustadbank.

Arkivmaterialet består av møtebøker, kopibøker, journalar, taksbøker, lånesøknader, ymse rekneskap, saksdokument og korrespondansemateriale.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 254ff.