Arkivskapar_ID: 743

Jordstyret

 

Næringsnemndene vart avskaffa ved Jordstyrelova av 1920. På dei områda næringsnemndene før hadde virka, skulle det no veljast eit jordstyre. Dette skulle bestå av jordbrukskunnige menn, og det skulle vere eit jordstyre i kvart herad eller sokn.

Den viktigaste oppgåva til jordstyret var at den skulle tilsetje det naudsynte personalet til å planlegge og kontrollere jorddyrkingsarbeidet i heradet. Jordstyret arbeidde også med å fordele jorda innan heradet, slik at bygdefolk som mangla eller hadde for lite jord, skulle få jord til rådvelde, i den grad dette let seg gjere. Etter 1945 vart det også vanleg at jordstyra uttala seg i konsesjonssaker. Vidare vart det arbeida med tilskotsordningar til driftsbygningar, grøfting, overflatedyrking, gjødseloppsamlingsanlegg, silobygg osb.

I jordlova av 1928 vart det vedteke at jordstyrets utgifter skulle dekkast med 50 % frå staten, og 25 % frå fylket og frå den aktuelle kommunen. I okkupasjonstida 1941-1945, vart jordstyra oppnemnte av landbruksselskapet sitt styre i samråd med fylkesføraren i Nasjonal Samling. Heradsagronomen som galdt for eit eller fleire herad, fungerte også ofte som jordstyresekretær. Frå 1959 skulle heradsagronomen vere saksførebuar og fagleg konsulent for jordstyret.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 257ff.