Arkivskapar_ID: 749

Dyrevernsnemnda

 

Etter Dyrevernslova av 1935 vart det pålagd kommunestyra å velje ei dyrevernsnemnd. Oppgåva til nemnda var å hjelpe politiet med å ettersjå at lovas bestemmingar om dyrevern vart overhalde av dei som hadde dyr. Ved eit rundskriv av 15. november 1935 gav Landbruksdepartementet forskrifter for dyrevernsnemndene.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 261.