Arkivskapar_ID: 752

Fjellstyret

 

Fjellova av 1920 påla heradsstyra å velje eit fjellstyre. Fjellstyra kunne fastsette allminnelige vedtekter om bruken av fjellallmenningane når det galdt beite, fiske, jakt og fangst. Det kunne tilsette oppsynsmenn som skulle ha tilsynet med jakt og fiske i allmenningen. Fjellstyra hadde ei fjellkasse der inntektene kom frå avgifter på bruksrettar og utleige av dei ulike verdiane i allmenningen. Oppsynsmennene for jakt og fiske skulle lønnast av fjellkassa, men staten refunderte halve lønna. 

Etter fjellstyret kan ein finne forhandlingsprotokollar, journalar, rekneskapsprotokollar og ymse saksdokument og korrespondansemateriale.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 268ff.