Arkivskapar_ID: 781
|
Bygdemagasin
|
Bygdemagasin eller kornmagasin vart oppretta kring
om i bygdene frå 1770-åra og utetter som ein ”kornbank” for såkorn og
matkorn. Etter formannskapslova (L § 21) skulle bygdemagasina leggast under
formannskapet. I mange tilfelle ser ein at ein frå 1830-åra byrja realisere
kornmagasina, og midlane vart ofte nytta som grunnfond i sparebankane som
vart oppretta på denne tida. Arkivmaterialet etter kornmagasina inneheld for
det meste forhandlingsprotokollar og rekneskapsbøker. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 288ff. |