Arkivskapar_ID: 802

Hesteutskrivingsnemnda

 

Ei lov av 27. juni 1896 galdt utskriving av hestar og køyrety til feltbruk. Her vart det bestemt at kvar kommune skulle ha hesteutskrivingsnemnder. Desse nemndene skulle føre lister over kven som skulle stille hestar til feltbruk. Kvar kommune var pålagt å mønstre eit visst tal med hestar, og dette var grunnlaget for arbeidet til nemnda. Før hestane eventuelt skulle nyttast, skulle dei også kontrollerast  og vurderast av ein militær mønstrings- og vurderingskommisjon.

Ei ny lov av 10. juni 1938 tok opp att dette. Men i eit rundskriv frå Justisdepartementet av 6. november 1948 kjem det fram at hesteutskrivingsnemnder heretter berre skulle opprettast etter militært initiativ.

Arkivmaterialet består vesentleg av møtebøker med vedlegg. Her er forteikning over aktuelle hestar og køyrety og opplysingar om deira eigarar.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 295f