Arkivskapar_ID: 805

Evakueringsnemnda

 

805 Evakueringsnemnda

I provisorisk anordning av 22. desember 1939 vart det bestemt at det kunne opprettast lokale nemnder til hjelp ved evakuering. Dette vart teke opp att i provisorisk anordning av 22. april 1940 og mellombels lov av 1947.

Dette førte til at det mellom anna vart oppretta evakuerings-, tilflyttings- og innkvarteringsnemnder i krigsåra og i åra frametter.

Hovudsakleg består arkivmaterialet etter evakueringsnemndene av møtebøker med eventuelle vedlegg. Ein finn mest materiale frå 1940-talet, men det kan også vere arkivsaker frå 1950-åra.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 297f.