Arkivskapar_ID: 841

Forliksrådet

 

Forlikskommisjonar vart oppretta på slutten av 1700-talet for å få ned talet på rettsaker som kom opp for domstolane. Eit forlik inngått ved forlikskommisjonen vart gjeve same rettsverknad som ein dom. Eit forlikskommisjonsdistrikt var på denne tida oftast samanfallande med eit prestegjeld.

Frå 1927 vart den eldre ordninga oppheva, og det vart no oppretta eit eller fleire forliksråd i kvar kommune. Forliksmennene vart valte av kommunestyret, og det var framleis slik at forliksrådet hadde status som ordinær domstol.

Forliksarkiva inneheld for det meste protokollar og vedlegg, og då i første rekkje forliksklager. Frå 1927 vart det ført to forhandlingsbøker; ei for mekling og ei for domsforhandling. Forliksprotokollane vart også dels nytta som lokale tinglysingsprotokollar, der ein på eit rimeleg vis kunne skriftfeste kontraktar og gjeldsfordringar. Forliksprotokollar eldre enn 1930 skal avleverast statsarkiva.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 232f.