Arkivskapar_ID: 850

Overformynderi

 

Overformynderiet på landsbygda går heilt attende til 1770-åra. På den tida formannskapslovene vart innført, var overformynderiet på landet administrerte av sorenskrivaren. Med lov av 1857 vart overformynderiet i landkommunane gjort kommunalt, og formannskapet skulle no velje to overformyndarar for kvart overformyndardistrikt. Etter vergemålslova av 1917, skulle formannskapet avgjere kven av dei to som skulle vere forretningsførande og føre bøkene og ta vare på  dokument og verdipapir. Den andre vart kalla kontrollerande overformyndar. Fylkesmannen førte tilsyn med overformyndarane.

Overformynderiet skulle forvalte dei økonomiske sakene til personar som var umyndige grunna låg alder eller andre tilhøve. Overformyndarane hadde saman med sorenskrivaren i oppdrag å oppnemne verje for myndlingane.

Arkiva etter overformynderiet inneheld vanlegvis forhandlingsbøker, dagbøker, kopibøker, ymse rekneskapsbøker og dei såkalla ”rullane”. Frå 1858 vart det ført ein overformyndarrulle. Her skulle myndlingane sine namn, verje, formue osb førast inn. Den såkalla store rulle vart opphavleg ført når kapitalen var over 40 spd, og frå 1863 vart det også ført ein mindre rulle når kapitalen var mindre. I tillegg til dette førte dei einskilde verjene sine eigne verjebøker, med opplysingar om korleis dei forvalta myndlinganes kapital. Det skulle også førast protokollar over panteobligasjonar og skifteutlegg.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 234ff.