Arkivskapar_ID: 901

Provianteringsrådet

 

Krise- og reguleringstiltak vart sett i verk for å sikre tilstrekkelig tilgang på viktige forbruksvarer og for å forhindre samfunnskadelig prisauke. Formannskapa i dei einskilde kommunar oppretta provianteringsråd frå og med 1914, og frå 1916 vart det lovpålagt at kvar einskild kommune skulle ha eit eller fleire provianteringsråd. Frå 1918 skulle det vanlegvis berre vere eit råd i kvar kommune. Råda skulle ha minst tre medlemar. Minst ei skulle vere kvinne, samt at både produsentsida og forbrukssida skulle vere representert.

Oppgåvene til provianteringsråda skulle vere å halde kontroll over alt som var av interesse for forsyninga av fødevarer, brensel, oljer, fôrstoff og andre naudsynte varer. I tillegg skulle råda sikre tilstrekkelig forsyning av forbruksvarer, samt sjå til at det vart lagt opp reserver av desse. Råda førte også kontroll med prisen på matvarer og kunne setje maksimalprisar på matvarer og brensel, så fremt desse var av norsk produksjon.

Som regel vil ein finne forhandlingsprotokollane til provianteringsrådet i kommunearkivet, samt kopibøker og journalar i einskilde tilfelle. Det er også ofte bevart ein del ulike rekneskapsprotokollar samt ymse anna materiale.

 

Kjelde. Mykland og Masdalen 1987, s. 274ff.