Arkivskapar_ID: 910
|
Forsyningsnemnda
|
Med lov av 9. juni 1939 vart det oppretta
forsyningsnemnder i alle kommunar. Nemndene vart i stor grad organisert på
same vis som provianteringsråda, og fekk mange av dei same gjeremåla.
Forskrifter frå august same året tilsa at kommunane kunne velje særnemnder
til å ta seg av einskilde oppgåver som låg til forsyningsnemndene, som til
dømes rasjonering, vedforsyning osb. I mange kommunar vil ein difor finne
rasjoneringsnemnd, vedutval, brenselutval, skotøynemnd, oljenemnd, kabelnemnd
osb. Den enkelte forsyningsnemnd skulle ha forretningsførar som også var
forretningsførar for dei ulike særnemndene, om ikkje anna var vedteke. Forsyningsnemndene skulle halde seg orientert om
alt av interesse for forsyninga av matvarer, brensel, fôrstoff og andre
naudsynte varer – og i tillegg vere med å sikre at forsyninga av desse varene
var tilstrekkelig. Det skulle også leggast opp reserver av desse varene i
regi av forsyningsnemnda, om tilhøva låg til rettes for det. Arkiva etter forsyningsnemnda inneheld gjerne
forhandlingsprotokollar, kopibøker, journalar, rekneskapsprotokollar,
tilvisingsprotokollar og korrespondanse og saksdokument. I tillegg kjem ei
varierande mengde kartotek og register, teljingar, oppgåver over varetypar,
lagerprotokollar, søknader, daglister og kontrollister. Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 277ff. |