Arkivskapar_ID: 921

Rasjoneringsnemnda

 

Etter det kom nye forskrifter for provianteringsråda i 1918, vart einskilde oppgåver skilde ut til eigne nemnder. Døme på dette er rasjoneringsnemnda,. Nemnda var underlagt provianteringsrådet, men medlemmane vart valte av kommunestyret.

Med lov av 9. juni 1939 vart det oppretta forsyningsnemnder i alle kommunar. Nemndene vart i stor grad organisert på same vis som provianteringsråda, og fekk mange av dei same gjeremåla. Forskrifter frå august same året tilsa at kommunane kunne velje særnemnder til å ta seg av einskilde oppgåver som låg til forsyningsnemndene, som til dømes rasjonering, vedforsyning osb. I mange kommunar vil ein difor finne rasjoneringsnemnd, vedutval, brenselutval, skotøynemnd, oljenemnd, kabelnemnd osb. Den enkelte forsyningsnemnd skulle ha forretningsførar som også var forretningsførar for dei ulike særnemndene, om ikkje anna var vedteke.

Forsyningsnemndene og særnemndene skulle halde seg orientert om alt av interesse for forsyninga av matvarer, brensel, fôrstoff og andre naudsynte varer – og i tillegg vere med å sikre at forsyninga av desse varene var tilstrekkelig. Det skulle også leggast opp reserver av desse varene i regi av forsyningsnemnda, om tilhøva låg til rettes for det.

Arkiva etter forsyningsnemnda og særnemndene inneheld gjerne forhandlingsprotokollar, kopibøker, journalar, rekneskapsprotokollar, tilvisingsprotokollar og korrespondanse og saksdokument. I tillegg kjem ei varierande mengde kartotek og register, teljingar, oppgåver over varetypar, lagerprotokollar, søknader, daglister og kontrollister.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 274ff.