Arkivskapar_ID: 930

Kontrollnemnda/prisnemnda

 

Prisregulering vart innført ved provisorisk lovføresegn av 4. august 1914. For å kontrollere at prisregulering og krisebestemmingar vart overhalde, vart det i forskrift for dei kommunale provianteringsråda av 1918 bestemt at det skulle opprettast ei kontrollnemnd. Kommunestyret skulle velje kontrollnemnda mellom medlemmane i provianteringsrådet. Både forbrukarar og produsentar skulle vere representerte i nemnda.

Den viktigaste oppgåva til kontrollnemnda var å sjå til at det ikkje gjekk føre seg utilbørlige prisberekningar innafor næringslivet. Dei kommunale kontrollnemndene hadde ikkje myndigheit til å fastsette prisar, men kunne melde brot på trustlovene til politiet. Kontrollnemnda samarbeidde også nært med forsyningsnemnda. Frå midten av hundreåret fekk kontrollnemndene også eigne avdelingar for fast eigedom, samt at ein kunne opprette avdelingar for husleigesaker og for byggesaker.

Ved Prislova av 1953 vart kontrollnemndene avløyste av prisnemnder. Dette var mest berre eit namneskifte, då oppnemning, samansetjing og funksjon var mest den same.

Det er oftast bevart lite arkivmateriale etter dei første kontrollnemndene. For det meste gjeld dette forhandlingsprotokollar, der ein også kan finne at kontrollnemndas arbeide med priskontroll kan vere førte i provianteringsrådas arkiv. Frå tida kring andre verdskrigen og utetter er meir arkivmateriale bevart. I tillegg til forhandlingsprotokollar, finn ein no ofte kopibøker, journalar, korrespondanse- og saksdokument, protokollar over prisreguleringar og klager. Der det vart oppretta eigne avdelingar for til dømes fast eigedom, finn ein gjerne også særskilde forhandlingsprotokollar for desse avdelingane.

 

Kjelde: Mykland og Masdalen 1987, s. 279ff.